IDA SØRHEIM

Doula

IMG_0001.jpeg

Bosted

Hardanger, Bergen og Voss - Vestland


Utdanning

Doulaskolen, gravidyogalærer, velværemassasje for gravide.​


Språk 

Norsk / English


Telefon 

920 85 054


Epost

tryggifodsel@gmail.com

 

TJENESTER

  • Svangerskapstjenester

  • Fødselsforberedende veiledning

  • Fødselsforberedende kurs

  • Doulastøtte for fødsel

  • Gravidmassasje

  • Gravidyoga

  • Barselmassasje

  • Modningsakupressur

 

OM MEG

Eg er grunnleggjar av Trygg i fødsel og har lang erfaring med gravidyoga og fødselsførebuing og å gi veiledning, støtte og trygghet til gravide kvinner/par.


Eg er utdanna spesialpedagog i idrett og kroppsøving frå høgskulen i Bergen og Noregs Idrettshøgskule, er sertifisert velværemassør for gravide ved Axelsons Institute og sertifisert gravidyoga-instruktør (Cathrine Mathisen), mediyoga-instruktør, ashtanga vinyasa-instruktør og mediyoga-kidz- instruktør.


No vidareutdannar eg meg til fødselsdoula, barseldoula, svangerskapsterapeut og kursleiar på Doulaskolen i Bergen.


Eg jobbar heilskapeleg med fokus på mental, emosjonell, og fysisk fødselsførebuing, og er spesielt opptatt av å undervise i god pusteteknikk, mental førebuing og skånsomme og spesialtilpassa fysiske øvelsar for å førebu den gravide til fødsel og barseltid på ein trygg og god måte. Eg har sjølv født eit barn og veit kor viktig god og støttande fødsel-og barselomsorg er for nybakte mødre og partnerar.


Min lidenskap er at du som fødekvinne skal få førebu deg på den måten som er god for deg, og støttar deg i både heimefødsel og sjukehusfødsel, uavhengig om du velger medikamentell smertelindring eller ikkje.


Eg held fødselsførebuande kurs i gravidyoga (Bergen og Hardanger) og arbeider som fødselsdoula og barselsdoula i både i Bergen, Hardanger og Voss.


I Bergen held eg til på Bambusklinikken på Skjold : www.bambusfamilieklinikk.no


I Hardanger kjem eg gjerne heim til deg for gravidmassasje og/eller fødselsførebuande undervisning.


Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale!